Rengjøring før lagring

På lik linje med at du vaskar bunadskjorta etter bruk, bør du også gå over bunadsølvet før du gøymer det vekk. Då unngår du tæring frå eventuelle flekkar og skit medan det ligg nedpakka. Eit godt råd her er å vaska sølvet med zalo og salmiakk som vil fjerna feitt og smuss på ein enkel måte. Her finn du framgangsmåten og oppskrifta på denne blandinga. Om du gjer dette før du pakkar vekk sølvet så sparar du deg for arbeidet når det skal fram igjen i lyset. Bunadsølvet vil vera heilt klart til bruk, og neste gong du skal pakka det vekk, vil det kanskje vera nok med å gå lett over med ein pusseklut.